Denne var ikkje like gjennomført som den forrige. Men ein ting er heilt klart, dei har alt for mykje fritid på bibelskulen. Men det hadde jo vi og. Litt rart at “tøffe” Rosenborggutar er dei som har gjeve bror min sansen for Backstreet boys, lure på kva Mari gjorde feil…
Vil berre tipse om ein “andakt” som talte veldig sterkt til meg. Jan Tore, link til høgre, var ein veldig god lærar på Fjellheim som har ei gåve til å vise oss Jesus i det gamle testamentet. Les hass innlegg “ved denne vilje”. Må seie eg misunnar Øyvind og resten av gjengen med tanke på kva som venter dei no. Ilha Grande, du kor fint det var der.
For to veker sidan var eg på middag til Mette før resten av bibelgruppa kom på kvelden. Var verkeleg ein triveleg dag, sjølv om ho knuste meg i Scrabble. Ho anbefalte meg Melissa Horn, noko eg og vil gjere til dykk. Ho syng på svensk, noko som gjer at ein forstår dei flotte tekstane hennar, men som og gjer at det vert litt “masete”. Eg har i alle fall lettare for å kople ut teksten om det er på engelsk. Vil vel mest anbefale debuttalbumet, tek med min favoritt.
Er ei stund sia sist innlegg no ser eg, ikkje at eg har så mykje å skrive om no heller. I alle fall, eg har byrja å trene igjen (kanskje prøve å komme i form til sykkelsesongen i år, slik at eg ikkje må ligge bak Stige heile tida). Måndag derimot var eg til Ingvild og Martin på middag, og til de som har høg terskel for å invitere på middag, det har ikkje så mykje å seie kva ein får, det er selskapet som er det viktigaste, noko Martin og Ingvild har skjønt. Det går an å servere kvardagsmat sjølv om ein har gjester, spesielt når den frimodige gjesten har invitert seg sjølv. kremt…
Eg fekk bruka ein god del tid med Magnus, og å sjå den ungen le og smile er sanneleg ei glede i seg sjølv. Særleg når han sat i fanget til Ingvild og snudde seg etter stemma mi og smilte. Typisk, ikkje sant, at når han først er vorte trygg på meg att så flyttar han, makan.
Vi såg og “up” eller “se opp”. Den gjekk rett heim til meg og Ingvild, og vi satt og lo gjennom store deler av filmen. Så den vil eg gjerne anbefale.
Kor mykje moro ein kan ha det utan å måtte betale noko for det og. Hadde besøk av 6 gode vener i kveld, i tilleg til fire av bebuarane av Njardarvollen som vertskap. Vi spelte ein leik som vert kalla “gul bolle” eller “lappeleiken”, ein herleg blanding av Alias og fantasi m.m. I alle fall, når vi hadde vore gjennom aktivitetane Alias- miming- eit ord- stillbilete og fingermiming var stillinga 105 – 107, noko som vil seie at det var ein lapp som skilde!! Utruleg jamnt. Takk for ein herleg kveld:)
Kor heldig eg er som bur med så flotte karar, er ganske mykje underholdning i ein galing frå Ogna.
Eg starta bloggen min med å anbefale mi favorittlåt frå dette albumet, men eg vil no anbefale heile albumet. Ikkje berre er det bra musikk, reint stilmessig, men det er tekstane først og fremst som eg likar (dei er av og til noko utydeleg på songane, så ikkje dumt å leite dei opp og lese gjennom før ein høyrer nokon av songane. Dette er heilt klårt det beste albumet deira, men dei har og nokre gode songar frå tidlegare album. Så her kjem mine favorittar
Sak 2, 12: “Den som rører dykk,
rører ved min augnestein.” Ganske fint ord, augnestein. Veit det om noko vi vernar meir naturleg om enn auget? Og slik tenkjer altså Gud om oss. Var berre så godt for meg å lese dette verset. Vil og minne om kva han skriv i Jesaja 43, 1- 5: Og no, så seier Herren som skapte deg, Jakob, som har laga deg, Israel: Ver ikkje redd! Eg har løyst deg ut, kalla deg på namn, du er min. Når du går gjennom vatn, er eg med deg, og gjennom elvar, skal dei ikkje fløyma over deg. Når du går gjennom eld, skal du ikkje verta svidd, og logen skal ikkje brenna deg. For eg er Herren din Gud, Israels Heilage, frelsaren din. For du er kostesam i mine augo, for du er akta høgt og eg elskar deg” (eg skreiv litt om siste setninga). I alle fall, tenk at vi får vere hans, slik vi er! Eg tykkjer det er fantastisk eg at han og kalte meg til å vere sin. Ta imot om han kallar deg og
Spelte Squash med Eirik i dag, noko som må gjentakast. I alle fall, medan vi hadde ei drikkepause merka vi at det var ein ball oppi eine lampa. Og i dei andre og, og oppå viftene. I alt var det 17 ballar som “hang” fast i taket. Merkar at det er ei god stund sia eg og har spela squash, kanskje eg kan seie at eg bryjar på null no, kjennast i alle fall slik ut.
Klarte eg Trondheim-Oslo i fjor skal eg nok klare å komme i form og i år:) Godt å ha noko å strekkje seg etter som ein sjølv har gjort
Eller klatre om du vil. For det gjorde eg og Martin no i dag. Klatringa i dag var særleg utfordrande av tre årsakar. 1) Lenge sidan sist. 2) Julemat som fortsatt sitter og 3) Det var kaldt i hallen, slik at fingrane ikkje fungerte optimalt. Men i alle fall hadde vi det veldig kjekt. Var så heldig at eg fekk ei kalkveske med kalk av Ingvild og Martin til jul, noko som eg tykte var litt rørande sidan det berre har vore dei eg har klatra med sidan eg byrja. Velse Magnus (fadderbornet mitt) var og med, men tykte ikkje det var så stas å liggje stille så lenge utan merksemd. Kjem til å sakne alle tre Stige når dei dreg til Molde. Flotte folk
Skal tidlig krøkast den som god krok skal bli. Har ein mistanke om at det blir ein sprek unge
I helga var eg på Sør-landet for å vere i bryllup til min gode ven Lars Olav Espeland. Er ei artig historie som de sikkert har høyrt av Erlend E (fetter til LO). Nokre frå Buf som kjenner att brugdommen forresten? Var i alle fall eit herleg bryllup, kanskje særleg sterkt sidan brudeparet allereie har vore gjennom tunge tider, noko foreldra påpeika at gav dei tryggedom for at dei ville halde samen. Både brur og brugdom heldt vene talar til kvarandre, og peika på kor viktig Jesus var for dei begge, og det at dei kunne dele trua på han. Var og ein veldig god andakt som avslutta ein fin kveld. Rart å vere i bryllup å vete av så mange til brugdommens slekt når eg sjølv ikkje er i slekt med han.
Eg var så heldig at eg fekk bu hjå fetteren min Werner og kona Inger Marie frå torsdag kveld til mandag. Vi hadde gode dagar, og det var veldig kjekt å bli betre kjend med sonen deira Ruben. Traff og fleire av dei andre i slekta på Flekkerøya som ikkje var der i sommar, og det var kjekt. Merkar eg har stor slekt når søskenbarn har fått unge som har rukke å vorte tre år før eg veit kven dei er, men så er det jo 59 ungar søskenbarna mine har fått og då. Likevel er det alltid kjekt å møte både nye og litt mindre nye bifall til slekta, ungar er herlege.